Reguleringsplan - rett til å fremje forslag
Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom som ikkje er regulert, kan du fremje eit privat forslag til detaljregulering.
Tenesteomtale
Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom, og kommunen ikkje allereie har ein plan for det området, har du rett til å fremje ditt eige forslag om regulering. Det blir kalla ei detaljregulering og må vere utarbeidt av fagkyndige. Planen gir grunnlag for å avklare kva byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan.
Målgruppe
Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter.
Kriterium/vilkår
Ein privat reguleringsplan må vere utarbeidt av fagkyndige.
Pris for tenesta
Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag. Men kommunen har ein frist på seg for behandling av forslaget. Fristen er på 12 veker. Kommunen må tilbakebetale delar av gebyret ved lengre saksbehandlingstid enn 12 veker.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Plan- og bygningsloven
Forskrift om konsekvensutredninger
Kart- og planforskriften
Forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
- Sende planinitiativet til kommunen saman med førespurnad om oppstartsmøte.
- Kunngjere i avis e.l. om at planarbeidet blir starta.
- Kommunen held oppstartsmøte.
- Periode med eventuelle konsekvensutgreiingar, risikoanalysar og høyringar.
- Endeleg planforslag blir sendt til kommunen.
- Kommunen behandlar planforslaget og fattar vedtak innan 12 veker frå dei mottok det.
Saksbehandlingstid
Høve til å klage
Tjenesten oppdatert: 25.03.2021 17:00