Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Vassforsyning - drikkevatn

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er kopla til dette. Du kan søkje kommunen om tilknyting.

Tenesteomtale

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytte til nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.

Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare. Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.
 

Målgruppe


Kriterium/vilkår

Drikkevatnet som kommunen leverer, skal vere hygienisk forsvarleg, klart og utan dominerande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helseskade i vanleg bruk. Avvik i vasskvaliteten som kjem av forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annen måte.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar

Mattilsynet er statleg mynde på drikkevassområdet og fører tilsyn med at kommunen (vassverkseigar) følgjer krava i drikkevassforskrifta. 

Lover

Sjå
Plan- og bygningslova § 27-1 Vannforsyning
Forurensningsforskrifta kapittel 16 Kommunale vann- og avløpsgebyrer
Matlova § 2
Drikkevannsforskrifta om krava som gjeld for kommunen som vassverkseigar.

 

Forbrukerkjøpsloven
Plan- og bygningsloven
Drikkevannsforskriften
Matloven
Forurensningsforskriften

Tjenesten oppdatert: 13.05.2020 09:45

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk