Tilskot til idrettsanlegg
Vil du byggja ein sandvolleyballbane, ein ballbinge eller ein klatrevegg? Du kan søkje kommunen om tilskott til å byggje eit idrettsanlegg eller eit uteområde berekna for fysisk aktivitet.
Tenesteomtale
Målgruppe
Kriterium/vilkår
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
- Kontakt oss for å registrere anlegget i anleggsregisteret
- Vi gjer ei vurdering og fører det eventuelt opp i kommuneplanen
- No kan du sende inn søknaden (www.anleggsregisteret.no)
- Vi gjennomgår og kontrollerer søknaden, og oversender til fylkeskommunen
- Fylkeskommunane gjennomgår og handsamar søknadene
- Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylkeskommunane
- Fylket løyver eller avslår søknader, og sendar svar til søkaren
- Søkarar som får tilskott, ferdigstiller anlegget og reviderer sluttrekneskapen før det vert tilsendt inn utbetaling av tilskott.
Vedlegg
Saksbehandling
Kommunen mottek den elektroniske søknaden, gjennomgår han og gjer ein intern prioritering av søknader. Dette skjer normalt i form av eit politisk vedtak. Søknadene vert vidare sendt til fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden.
Saksbehandlingstid
Høve til å klage
Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til Kulturdepartementet innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvende deg til kommunen eller til fylkeskommunen.
Tjenesten oppdatert: 24.06.2025 08:47

