Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
5. mai 2026 kl. 10:21

Overgang til ny hjemmeside løsning

Vi holder på med ny hjemmeside løsning, og vil derfor oppleves at noen sider og tjenester ikke vil fungere eller er oppdatert. 

Ny oppdatert hjemmeside vil etter plan komme medio mai 2026. 

Velg språk: Bokmål Samisk

PP-tenesta

PP-tenesta er ei forkorting for «pedagogisk-psykologisk teneste» og hjelper barnehagar og skular med å gi tilrettelagd opplæring til barn og elevar. 

Tenesteomtale

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) gjer faglege vurderingar – såkalla sakkunnige vurderingar – av barn og elevars behov for tilpassing eller tilrettelegging.
 
PP-tenesta skal gjera ei sakkunnig vurdering i desse tilfella:
  • om ein elev har krav på individuelt tilrettelagt opplæring
  • søknad om / krav om fritak frå opplæringsplikta
  • søknad om tidleg eller utsett skulestart.

Målgruppe

  • Barn i barnehagen
  • Elevar i grunnskulen
  • Deltakere i førebuande opplæring for vaksne.

Kriterium/vilkår

Du har ikkje eller kan ikkje få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste.

Sjå:
barnehageloven § 33 Pedagogisk-psykologisk teneste
opplæringslova § 11-13 Pedagogisk-psykologisk teneste

Opplæringslova
Barnehageloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp med tilvisinga.

Saksbehandling

Uttalen frå PPT er eit ledd i saksførebuinga før det blir gjort vedtak om individuell tilrettelegjing og tilpassa opplæring.

Saksbehandlingstid

Førespurnader om tilvising blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Tjenesten oppdatert: 06.01.2025 15:11

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk