Opplæring for elevar med høyrselshemming
Elevar med høyrselshemming skal få tilrettelagde hjelpemiddel og tilrettelagt opplæring slik at dei kan gå på skulen som andre barn.
Tenesteomtale
Målgruppe
Elevar i grunnskulen.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Barnehageloven
Folketrygdloven
Opplæringslova
Forvaltningsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Saksbehandling
Før skulen gjer eit vedtak, vil du bli varsla om at skulen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttale deg. Skulen skal innhente alle nødvendige opplysningar for å avgjere saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalde grunngivinga til skulen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Skulen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samtidig få opplyst når det er grunn til å tru at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Viss du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held oppe kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 29.05.2024 17:08