Miljøinformasjon
Alle har rett til opplysningar frå kommunen om tilhøve som har noko å seie for miljøet.
Tenesteomtale
- tiltak som er i gang
- vedtak og planar
- analysar av produkt som kommunen har eller brukar og som gjeld helse- og miljøverknader.
Målgruppe
Alle som ønskjer å få slik informasjon, både privatpersonar, frivillige organisasjonar og næringsliv.
Kriterium/vilkår
- når ei sak ikkje er ferdig behandla i kommunen og informasjonen du spør om berre finst i interne arbeidsdokument
- taushetspliktig informasjon, for eksempel forretningsløyndomar.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Miljøinformasjonsloven
Produktkontrolloven
Forskrift om Klagenemnda for miljøinformasjon
Forvaltningsloven
Offentleglova
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
- helseskadeleg forureining
- forureining som kan gjere alvorleg skade på miljøet
- forholdsreglar for å hindre slike skadar
- ulovleg inngrep eller skadar på miljøet.
Saksbehandlingstid
Du skal få svar snarast råd og seinast innan 15 verkedagar etter at kravet er teke imot. Dersom dette ikkje er mogleg fordi forholdet er komplisert og/eller informasjonen som det blir spurt etter er for omfattande, skal du innan den samme fristen få melding om når du kan vente svar, og da seinast innan to månader.
Høve til å klage
Dersom du får avslag på kravet om informasjon, kan du klage innan tre veker etter at du tok imot avslaget. Får du ikkje svar innan to månader, kan du òg klage. Er du usikker på kvifor du har fått avslag, kan du krevje ei nærare grunngjeving av dei vurderingane som ligg til grunn for avslaget. Dette må meldast innan tre veker etter at du fekk avslaget. Du skal ha svar innan ti dagar. Dersom du har bede om ei nærare grunngjeving for avslaget, stoppar klagefristen til du har fått grunngjevinga. Klagen sender du til det organet som har gjeve avslaget. Deretter vidaresendast klagen til næraste overordna organ dersom organet sjølv ikkje tar klagen til følgje. For kommunen sin del er dette statsforvaltaren.
Du kan også klage til Sivilombudsmannen.
Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 15:04