Helsestasjon
Tenesteomtale
- Svangerskaps- og barselomsorg, blant anna tilbod om heimegjesting etter fødsel. Helsestasjonen vil også gi råd eller tilby kurs om foreldrerolla og om samliv. Du kan få prevensjonsrettleiing og rekvirering av prevensjonsmiddel.
- Helseundersøkingar og vaksinasjon for barn frå dei er nyfødde til dei når skulealder.
- Dersom du har barn med spesielle behov eller som er kronisk sjuke eller funksjonshemma, vil helsestasjonen samarbeide med anna helsepersonell for at barnet skal få det rette tilbodet.
- Hjelp til god psykisk helse og førebygging av psykiske vanskar.
Målgruppe
Gravide, barselkvinner, foreldre til nyfødde, barn i alderen 0-5 år. Barn og ungdomar opp til 20 år tilhøyrer også målgruppa for helsestasjonen, men som oftast gjennom skulehelsetenesta eller helsestasjon for ungdom.
Pris for tenesta
Tenesta er gratis.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Helsepersonelloven
Smittevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.
Vedlegg
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.
Tjenesten oppdatert: 03.02.2022 08:52