Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep
Ordinært vedlikehald på freda bygning eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene med mindre fredingsføresegnene til eigedommen seier noko anna. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene.
Tenesteomtale
Alle mellomalderbygningar og ståande byggverk eldre enn 1650 er automatisk freda. I tillegg er om lag 4500 bygningar freda av Riksantikvaren. Ca. 60 % av desse er i privat eige. Når det gjeld kostnader til å setje i stand og halde ved like eigedommen, er dette utgifter som i utgangspunktet eigaren må bere sjølv, anten eigedommen er freda eller ikkje. For vedlikehald av freda bygning kan det likevel gjevast tilskott.
Ordinært vedlikehald på freda bygning eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene med mindre fredingsføresegnene til eigedommen seier noko anna. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene. Tiltak som er meir omfattande enn ordinært vedlikehald, krev dispensasjon frå kulturminnelova dersom det ikkje er sagt noko anna i fredingsføresegnene.
Målgruppe
Eigarar og brukarar/forvaltarar av freda bygningar og anlegg som vil setje i gang tiltak som går ut over vanleg vedlikehald.
Kriterium/vilkår
Dispensasjon kan bare bli gjeven til tiltak som ikkje går ut over føremålet med fredinga, og som ikkje fører med seg vesentlege inngrep i det freda bygget eller det freda anlegget. Døme på tiltak som kan krevje dispensasjon kan vere skifting av kledning, vindauge eller tak.
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Kulturminnelova § 17 (tilskott til vedlikehald) og forskrifter til denne lova. Eventuelle fredingsvedtekter knytta til den enkelte eigedommen. Sjå òg plan- og bygningsloven kap. 31 Krav til eksisterende byggverk.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen vil kunne hjelpe til med råd når det gjeld utforming av tiltaket, metodar og materialval.
Vedlegg
Forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning
Saksbehandling
Fylkeskommunen gjennomfører synfaringar/registreringar dersom dette er nødvendig. Fylkeskommunen gjer sitt vedtak, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, knytte til til dømes materialbruk og metodar. Dersom det blir sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, har du krav på økonomisk kompensasjon, heilt eller delvis. Du kan søkje om støtte til dette.
Saksbehandlingstid
Fylkeskommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom fylkeskommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Riksantikvaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 04.01.2021 20:26