Familiebarnehage - etablering og drift
Ønskjer du å starte ein familiebarnehage, blir det stilt fleire krav, og du må ha godkjenning av kommunen.
Tenesteomtale
Er det mange små born som ventar på barnehageplass der du bur? Ønskjer du å starte ein familiebarnehage? Før ein familiebarnehage blir sett i drift, må du ha godkjenning frå kommunen når det gjeld pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.
Ein familiebarnehage er ei barnehageform der borna får eit tilbod i private heimar. Han eignar seg best for born under tre år. Du kan anten arbeide der sjølv eller tilsetje ein assistent og pedagogisk rettleiar og sjølv vere ute i arbeid. Du må lage vedtekter for verksemda.
Målgruppe
Personar som har lyst til å starte ein familiebarnehage.
Kriterium/vilkår
- Du må ha ein romsleg bustad der det er plass til barneleik
- Ein assistent utfører det daglege arbeidet
- Ein barnehagelærar er styrar og gjev pedagogisk rettleiing kvar veke (1,25 timar per barn per veke)
- Etter forskrift om familiebarnehagar vil ein heim normalt kunne bli godkjend for maksimalt fem barn over tre år som er til stades samstundes. Er fleirtalet av borna under tre år, må du redusere talet.
- Alle barnehager må følgje rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver
- Familiebarnehagen vil få godtgjering for drifta. Drifta blir finansiert med foreldrebetaling og offentleg tilskot
- Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørgje for at det blir utført ei radonmåling.
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Folkehelsemyndigheitene, plan- og bygningsmyndigheitene, brannvesenet, Arbeidstilsynet
Lover
Sjå spesielt forskrift om familiebarnehager.
Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger
Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
Forskrift om familiebarnehager
Forskrift om politiattest i barnehager
Barnehageloven
Folkehelseloven
Forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehager
Økonomiforskrift til barnehageloven
Forskrift om tilskudd til private barnehager
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Kontakt kommunen for å få fleire opplysningar og søknadsskjema. Avtal tid for synfaring i heimen din. Kommunen må òg godkjenne lokala.
Saksbehandling
Kommunen kjenner til behovet for barnehageplassar i nærmiljøet og eventuelle barnehagar du kan samarbeide med, og kan hjelpe deg med å rekruttere ein pedagogisk rettleiar. Barnehagen kan opne når godkjenning, tilsetjing og vedtektene er i orden.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaken til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har fått vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du klagar over, og kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Tjenesten oppdatert: 05.03.2024 14:26