Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott
Alle landbruksføretak kan søkje tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord.
Tenesteomtale
Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytt til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Statsforvaltaren disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.
Målgruppe
Landbruksføretak
Kriterium/vilkår
Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott.
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Statsforvaltaren utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Landbruksdirektoratet godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.
Vedlegg
For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.
Saksbehandling
Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Statsforvaltaren og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Landbruksdirektoratet klageinstans.
Tjenesten oppdatert: 06.01.2021 18:22