Ordensreglement i grunnskulen
Eit ordensreglementet inneheld reglar for oppførsel på skulen og kva som skjer ved brot på reglane.
Tenesteomtale
- Elevar på 1.‒7. trinn kan visast bort for enkelttimar eller resten av dagen. Ved bortvising for resten av dagen skal ein varsle føresette.
- Elevar på 8.‒10. trinn kan visast bort i opptil 3 dagar.
- Elevar på vidaregåande trinn kan visast bort i opptil 5 dagar eller resten av skuleåret dersom regelbrotet er alvorleg.
Målgruppe
Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule og deira føresette.
Kriterium/vilkår
Før rektor sjølv gjer vedtak om bortvising, skal rektor rådføre seg med lærarane til eleven. Andre hjelpe- eller refsingstiltak skal vere vurderte før ein gjer vedtak om bortvising.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå spesielt opplæringslova § 2-9 Ordensreglement og liknande og § 2-10 Bortvising
Høve til å klage
Du kan klage på dei mest alvorlege refsingstiltaka, det vil seie vedtak om bortvising for éin dag eller meir. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen sender du til rektor. Klagefristen er tre veker etter at du har fått melding om vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal rektor vurdere om det er grunn til å endre vedtaket.
Tjenesten oppdatert: 24.03.2021 13:35