Frisklivssentral
Frisklivssentralen er eit kommunalt helsetilbod for deg som har ein sjukdom, eller fare for ein sjukdom, og som kan få eit betre liv ved å endre levevanar.
Tenesteomtale
Frisklivssentralen har tilbod om hjelp til å endre og meistre levevanar. Tilboda kan innehalde helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og røykeslutt.
Den fysiske aktiviteten på frisklivssentralane er variert. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt.
Den fysiske aktiviteten skjer fortrinnsvis utandørs. Føremålet er å gje deltakaren auka kondisjon, styrke, balanse, rørsle, overskott og ikkje minst sosialt samvær.
Målgruppe
Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på
- personar med risikofylt alkoholbruk
- personar med problem knytte til psykiske helse
- eldre
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere
- arbeidsgjevarar
- brukar- og innvandrarorganisasjonar
- fastlegar
- frivillige organisasjonar
- Nav
- private aktørar
- spesialisthelsetenesta
Lover
Tjenesten oppdatert: 04.03.2021 12:09